Toppturar i Sunnfjord
Unisex

449,-
Du får minimum 44,- i bonus

Velg farge (N/A)

  • N/A

Velg størrelse

Om produktet

Sunnfjord strekker seg mellom Jostedalsbreen i aust og havnære toppar i vest.

I denne boka blir du guida til 67 av dei flottaste toppane, og du kan velje mellom 136 ruter i Førde, Gaular, Naustdal og Jølster. Sunnfjord byr på snørike turar der du får alt frå bratte brearmar til kystutsikt, perfekte kvite sider, dalar og renner frå både avrunda og spisse toppar. Blant toppane finn du dessutan nokre av Nikolai Astrup sine kjende fjellmotiv.

Toppturar i Sunnfjord presenterer ei rikhaldig breidde av vegval til kjende klassikarar og heilt «nye» toppar og ruter, eksponerte renner og gode nybyrjar- og familieturar. Boka gir deg detaljerte opplysni...

Sunnfjord strekker seg mellom Jostedalsbreen i aust og havnære toppar i vest.

I denne boka blir du guida til 67 av dei flottaste toppane, og du kan velje mellom 136 ruter i Førde, Gaular, Naustdal og Jølster. Sunnfjord byr på snørike turar der du får alt frå bratte brearmar til kystutsikt, perfekte kvite sider, dalar og renner frå både avrunda og spisse toppar. Blant toppane finn du dessutan nokre av Nikolai Astrup sine kjende fjellmotiv.

Toppturar i Sunnfjord presenterer ei rikhaldig breidde av vegval til kjende klassikarar og heilt «nye» toppar og ruter, eksponerte renner og gode nybyrjar- og familieturar. Boka gir deg detaljerte opplysningar om vanskegrad, eksponeringsgrad,himmelretning, brattheit, stigning og fall for kvar topp og rute.

Forfattarane har gått alle toppturane og samla detaljert informasjon for rutene, som etter GPS-sporing er teikna inn på kart og flyfoto. I eigne kapittel finn du òg kunnskap om skred og ferdsel i vinterfjellet og eit tilbakeblikk i ski- og fjellhistoria i området. Boka er dessutan rikt illustrert med turbilete.

Toppturar i Sunnfjord viser dessutan nokre kjende og lange fjellskiturar som går gjennom spektakulært vinterlandskap. Slik blir desse spanande klassikarane tilgjengelege for stadig nye generasjonar. Landskapet i Sunnfjord eignar seg godt for lange skiturar opp på høge fjell og ned i djupe dalar. Forfattarane har derfor utvikla «Sunnfjordruta», som går over tre dagar via fire ulike brear. Den tek deg med på ei reise på 87 kilometer med 6400 meter stigning og 6920 meter nedkøyring gjennom sjølve indrefileten av skiområda i Sunnfjord.

Bak boka står ein gjeng lokale toppturentusiastar som kjenner fjella og forholda i Sunnfjord godt.

Fri frakt

Fri frakt på ordre over 1000,-

Gratis retur

Gratis retur (kan også returneres i butikk)

Sikker betaling

Sikker betaling med kort, faktura eller Vipps

Sportsnett kundeklubb

Som medlem hos Sportsnett får du bl.a. medlemsrabatt på en rekke produkter.

Bli medlem

Følg oss

© Sportsnett 2024 - Sport Holding Retail AS (org nr. 981006 747)